Yrke:Teamleiar ISS Facility/Biletkunstnar.
Som biletkunstnar er eg sjølvlærd.Eg har alltid likt å skape,-få til noko med forskjellige teknikkar.
I collage-teknikken har eg brukt material som lauv/blad og papir av forskjellige slag som bitar av mislukka akvarellar,sjølvlaga papir o.a.
Akrylbileta har eg bygt opp med ei masse av lim,sparkel og sagflis.Så har eg påførdt ein grunnfarge.Biletet blir då til med nokre transparente lag med farge.
I trerelieffa mine har eg hatt god bruk for kunnskapen eg fekk då eg vaks opp.Far min som var båtbyggjar hadde òg andre kunskapar om trearbeid som han hadde med seg frå Telemark der han var ifrå.Det var naturleg at eg hjelpte til i båtskòtet og lærde meg å handtere kniv og jarn.
Mor mi har hatt rosemåling som yrke og er framleis ein habil rosemålar.
Akvarellen ligg mitt hjarte nær.Det har vore ein lang veg å gå med mykje prøving og feiling.I den moderne akvarell-teknikken er det mange utfordringar og spanande ting å utforske.
Frå vestlandsnaturen og kystlandskapet får eg masse inspirasjon!
Arbeider for tida med akryl,akvarell og foto/collage.
Monotypien er ofte ei utgangspunkt.